Fann passasjer i live
0
Ein av dei sakna passasjerane etter brannen på ferja "Olympia" er funnen i live natt til søndag. Det opplyser den greske kystvakta til AFP. Mannen blei oppdaga i akterenden av skipet. Dei 12 som har vore sakna etter brannen utanfor Korfu er alle lastebilsjåførar. 278 passasjerar blei berga i land. NTB melder at kapteinen og to maskinistar blei pågripne laurdag. Det er uvisst kva dei er sikta for.