Dødsfall i Trondheim var ikkje overdose
Mannen som døydde i Trondheim torsdag, døydde ikkje av ein overdose. Det opplyser Helse- og overdoseteamet i Trondheim kommune, skriv avisa Nidaros. Dei siste dagane har det vore svært mange overdosar av GHB i Trondheim og politiet gjekk ut med ei åtvaring om stoffet torsdag.