Tetzschner refsar stortingspresidenten for Iran-utspel
Stortingspresidentens støtte til demonstrasjonane i Iran har vakt internasjonal merksemd. Høgre-representant Michael Tetzschner forstår at Gharahkhani med sin iranske bakgrunn er engasjert i det som skjer i Iran. Men han meiner Gharahkhani ikkje kan uttale seg om dette i kraft av å vere stortingspresident. Han meiner Gharahkhani framstår som ein «overivrig representant frå Buskerud».
Fredag blei den norske ambassadøren til Iran kalla inn på teppet av det iranske regimet. Det er andre gong på halvannan månad det skjer.