– Norske bedrifter bør vere i front på klima
– Norske bedrifter kan og bør ta ei leiande rolle på vegen mot nullutsleppssamfunnet. Noreg ligg allereie langt framme når det gjeld løysingar med lågare karbonavtrykk. Det seier NHO-president og konsernsjef i Yara, Svein Tore Holsether.
– Det blir snakka mykje om kostnaden ved det grøne skiftet, men kostnaden er mikroskopisk samanlikna med den oppryddingskostnaden vi får dersom vi ikkje gjer noko, seier Holsether. Og han legg til:
– Næringslivet og styresmaktene må jobbe saman for at vi skal lukkast med å løyse klimakrisa. Då må vi alle forplikte oss til ei massiv omstilling.
Ein norsk næringslivsdelegasjon reiser snart til FNs klimatoppmøte i Dubai (COP28) for å vise fram norske grøne løysingar. Det er første gong norske selskap går saman om ein eigen paviljong på eit klimatoppmøte.
Dei oppfordrar andre selskap til å forsterke innsatsen for grøn omstilling.
Selskapa som er representerte på den norske paviljongen, er Aker, DNV, Eksfin, Equinor, Freyr, Hydro, Industry Capital Partners, NHO, Norwep, Reitan Retail, Statkraft, Statnett, UN Global Compact Norge og Yara. Innovasjon Norge organiserer og gjennomfører opplegget.
