Stengjer grenseovergangen ved Rafah
Israel har varsla at dei kjem til å stengje den egyptiske grenseovergangen ved Rafah, heilt sør i Gaza. Det melder israelske medium, mellom anna Ynet News og Channel 12.
Under våpenkvila har overgangen blitt brukt til medisinske evakueringar for pasientar frå Gaza.
Ifølgje tal frå FN har 1674 pasientar blitt evakuerte mellom 1. februar og 16. mars. Dei aller fleste av desse har fått behandling i Egypt, medan resten har fått behandling i Jordan.
Dette er både pasientar som har blitt såra i krigen og pasientar med kreft og andre sjukdomar.
Ifølgje FN har framleis mellom 12.000 og 14.000 personar behov for medisinsk evakuering. Av desse er over 3400 barn.
