Istanbuls ordførar er fengsla fram til rettssaka
Ordførar i Istanbul Ekrem Imamoglu skal vere varetektsfengsla fram til rettssaka mot han startar, ifølge fleire nyheitsbyrå.
Søndag skulle Imamoglu truleg bli valt som presidentkandidat for Erdogans viktigaste opposisjonsparti.
Det har komme motstridande meldingar rundt fengslinga. Den lokale TV-kanalen Halk har til dømes meldt at Imamoglu blei lauslaten, men den tyrkiske domstolen kom sundag fram til at ordføraren skal bli varetektsfengsla.
Tidlegare denne veka blei han pågripen skulda for fleire forhold mellom anna korrupsjon. Dette nektar han for.
Berre dagar før blei universitetsgraden hans trekt tilbake, noko som er eit krav for å stille til val i landet.
Imamoglu sjølv seier dette er politisk motivert. Hendinga har ført til store protestar, trass i at styresmaktene har innført demonstrasjonsforbod.
