Saksøkt for overgrep
Musikklegenda Smokey Robinson (85) er skulda for seksuelle overgrep mot fire kvinner som tidlegare arbeidde som hushjelp for han.
Det kjem fram i eit søksmål levert inn ved ein domstol i Los Angeles tysdag, melder CNN.
Kvinnene skal ha slutta etter påståtte overgrep og trakassering. Dei krev også 50 millionar dollar i erstatning.
Smokey Robinson blir gjerne kalla «King of Motown» og har hatt mange hits sidan tidleg på 60-talet
