Dykkar med problem i Masfjord – blir flydd til Haukeland
Ein dykkar har fått problem i Masfjorden i Vestland. Naudetatane er på staden og luftambulanse er på veg.
– Siste status er at dykkaren er på land, skriv Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Mannen får helsehjelp på staden.
– Vedkommande fekk problem under dykking, men vi veit ikkje kva, seier Hausvik til NRK.
Klokka 19.19 melder politiet at helsepersonell har fått start på hjartet til dykkaren att.
– Når pasienten er stabil, blir vedkommande frakta til Haukeland i luftambulanse, seier Hausvik.
Politiet har akkurat kome fram til staden og ventar på meir tilbakemelding om kva som har skjedd på staden. Men ifølge Hausvik skal det vere snakk om fridykking.
Klokka 19.30 melder politiet at pasienten blir flydd til Haukeland universitetssjukehus. Naudetatane melder ein halvtime seinare at dei er ferdige på staden.
