Maraton-votering i Senatet
I det amerikanske Senatet forsøker Republikanarane framleis å få gjennom president Trump sitt omstridde budsjettframlegg «One Big Beautiful Bill».
Det 940 sider lange framlegget inneheld både skattekutt og kutt i velferdsgode. Ifylgje budsjettkontoret i Kongressen vil tiltaka auke den amerikanske statsgjelda med 3,300 milliardar dollar dei neste ti åra, skriv CNN.
Natt til tysdag har Senatet halde ei rekkje avrøystingar på nye tillegg til det allereie omfattande budsjettframlegget. I prosessen som er kjend som «vote-o-rama» får senatorane sende inn så mange framlegg dei vil.
Senatet røysta over det heile framlegget fyrste gong laurdag, som til slutt enda med republikansk fleirtal. Då røysta alle demokratiske og to republikanske senatorar mot, i avrøystinga som enda 51–49.
Framlegget må godkjennast av Senatet ein andre gong. Presidenten sjølv ynskjer å få vedtaket i hamn innan 4. juli, som er USA sin nasjonaldag.
