Studie: Millionar kan døy av amerikansk bistandskutt
Fleire enn 14 millionar menneske, ein tredel av dei små barn, kan døy som fylgje av Trump-administrasjonen sine bistandskutt. Det viser ein studie publisert i tidsskriftet The Lancet.
Det amerikanske byrået for internasjonal utvikling (USAID) har stått for over 40 prosent av finansieringa av global bistand. Det var inntil Donald Trump kom tilbake til Det kvite huset, og byrja massive kutt i offentleg pengebruk.
Kutta i bistandssektoren risikerer å reversere to tiår med helseframgang blant sårbare befolkningar, ifylgje forskarane bak rapporten. Studien har estimat fram til 2030.
– For mange låg- og mellominntektsland vil sjokket vere samanliknbart med ein global pandemi, seier Davide Rasella.
