Rår folk til å ta forholdsreglar i hetebølga
Folkehelseinstituttet sine råd i ekstrem varme er å drikke mykje, noko som bidrar til å senke kroppstemperaturen. Dei rår også om å fukte klede eller skvette kaldt vatn på hender, føter, nakken og i armholene.
Andre tips er å halde seg i skuggen. Om mogleg kan det vere lurt å oppsøke stadar med aircondition.
Eldre, kronisk sjuke og barn toler mindre varme enn andre. Dei bør forsøke å ta pausar i løpet av varme dagar.
– Unngå å ta med barn under fem år til store byar midt på sommaren, rår Cicero Senter for klimaforsking.
