Politiet opna eld mot demonstrantar i Nairobi
Kenyansk politi opna eld mot ein folkemengd i hovudstaden Nairobi måndag, melder nyheitsbyrået Reuters.
Ein mann blei observert liggjande på vegen etter skytinga.
Det skjer på Saba Saba-dagen, som markerer det historiske opprøret 7. juli 1990 for demokrati i Kenya. I år har styresmaktene prøvd å hindre markeringar etter fleire veker med valdelege protestar mot regjeringa.
Sentrum av Nairobi var måndag prega av stengde vegar, tungt væpna politi og tomme gater. Mange valde å halde seg heime.
– Eg har aldri sett sentrum så stille, sa vakta Edmond Khayimba (29) til nyheitsbyrået AFP.
Protestane blir drivne av unge kenyanarar som er frustrerte over arbeidsløyse, korrupsjon og politivald.
– Vi gir oss ikkje. Slagordet «Ruto må gå» held fram kvar dag.
Styresmaktene har samanlikna protestane med eit «kuppforsøk», medan demonstrantar skuldar regjeringa for å bruke vald og sende inn betalte vandalar for å undergrave rørsla.
Sundag storma væpna menn ein pressekonferanse i regi av den kenyanske menneskerettskommisjonen, der NRKs Afrikakorrespondent var til stades.
