Nytt åtak mot lasteskip i Raudehavet
Eit lasteskip blei tysdag treft av fleire rakettdrivne granatar i Raudehavet utanfor Jemen, ifølgje britiske styresmakter.
Skipet har mista framdrifta, og åtaket skal framleis vere i gang.
Den Iran-støtta Houthi-militsen har fleire gonger angripe skip i området. Måndag blei eit anna skip råka – to personar er framleis sakna. Også sundag var det åtak mot skip.
For å verne den viktige skipstrafikken har EU sett i gang ein stor militæroperasjon i området.
Tysdag melder det tyske utanriksdepartementet at Kina har brukt laser mot tyske fly som deltek i operasjonen. Den kinesiske ambassadøren i Tyskland er kalla inn til møte etter hendinga, melder Reuters.
