29 drepne i nye israelske angrep på Gaza
Minst 29 menneske er drepne i israelske luftangrep mot Gaza tysdag, ifølgje det lokale sivilforsvaret.
Ni av dei blei drepne i eit droneåtak mot ein leir for internt fordrivne nær Khan Yunis.
– Eg stod framfor teltet og laga frukost til barna mine – bønner og litt tørt brød. Plutseleg small det, fortalde palestinske Shaimaa Al-Shaer (30) til AFP.
– Vi veit ikkje kvar døden kjem frå, bomba kjem heile tida, la ho til.
Israel har førebels ikkje kommentert dette åtaket.
Sivilforsvaret i Gaza er underlagt Hamas. tala er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.
Krigen har vart i snart 21 månader, og store delar av Gaza er øydelagde.
Ifølgje tal som er stadfesta av FN er over 57.000 palestinarar drepne sidan krigen starta etter Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober 2023.
