Har for mange søkarar til VGS
Det har dukka opp 200 fleire søkarar til VGS i Rogaland enn det er plass til. Og i Vestland er talet 500.
Alle desse har krav på skuleplass. Men mange stader er det allereie fullt.
Ein del av løysinga blir å dytte inn fleire elevar i klassar som allereie er fulle.
Bakgrunnen for feilberekninga er den nye opplæringslova som kom i fjor. Den skal sørge for at fleire fullfører vidaregåande skule.
Alle under 24 år har nå rett på skuleplass om dei ikkje har fullført VGS.
