Ventar lange køar i Trollstigen
Det er venta lange køar etter at campingvogna bak ein bil har hamna utfor vegen i Trollstigen. Vegen er dermed heilt stengt, opplyser Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen.
Campingvogna står i Kjellstadsvingen på Åndalsnessida.
Det er rundt ein million besøkande på Trollstigen kvar sesong. Det er også venta stor trafikk i dag.
– Masse, det er mykje folk i sommar og no er det stengt, seier operatør Hans Petter Riddervold Haarsvær ved Vegtrafikksentralen.
Han seier dei førebels veit lite om kva som har skjedd, men håper bergingsbil er på veg.
Trollstigen blei nettopp opna etter omfattande restaurering.
Det var Sunnmørsposten som melde om ulykka først.
