Hus totalskadd i brann i Nordreisa
Naudetatane rykte ut til ein brann i ein bustad i Nordreisa i Troms like etter kl. 05 i natt. Det var full overtenning.
Politiet har vore i kontakt med huseigaren, som opplyser at det ikkje er nokon i huset. Huseigaren er bortreist.
– Huset er totalskadd. Det skal ikkje vere noko fare for spreiing, opplyser operasjonsleiar Per Arve Aas i Troms politidistrikt kl. 05.34.
Klokka 06.08 opplyser politiet at brannmannskap har kontroll på brannen, og vil drive ettersløkking dei neste timane.
Politiet har gjennomført avhøyr av vitne på staden.
– Brannårsaka er ukjent, og det er for tidleg med undersøkingar av åstaden. Tomta må kjøle seg ned først. Teknisk og taktisk etterforsking vil bli gjennomført, opplyser Aas i Troms politidistrikt til NRK.
