Fly forsinka etter problem på Heatrow
Flytrafikken på utanlandsruter på fleire flyplassar i Noreg er forsinka.Årsaka er truleg problema på Englands største flyplass, Heatrow i England tidlegare i dag.
Hos Norwegian er tre flyruter forsinka, opplyser selskapet.
Kommunikasjonsrådgjevar Eivind Hammer Myhre seier det er nokre hundre passasjerar hos Norwegian som er råka og at det er uklart korleis situasjonen vil forplante seg.
– Førebels er tre fly forsinka, eitt til Oslo og eitt tur/retur Københamn, seier han.
Eit SAS-fly frå Oslo til Heathrow er kansellert.
I Bergen er flya frå Rhodos og Amsterdam forsinka med fleire timar torsdag ettermiddag.
I Ålesund er flyruta frå Amsterdam forsinka med meir enn to timar.
