August er den store flyttemånaden – kan få konsekvensar for stemming ved valet
August er den månaden der flest melder flytting i Noreg. Det kan få betydning for når du kan stemme ved årets stortingsval.
– Adressa du står med i Folkeregisteret har betydning for kor du kan stemme, viss du skal stemme på valdagen. Som student som har flytta, er du i ein kommune der du ikkje har stemmerett, seier sikkerheitssjef Ragna Fossen i Skatteetaten til NRK.
Det gjeld altså studentar som beheld gammal adresse i Folkeregisteret, og ikkje melder flytting.
Det er adressa du har 30. juni som avgjer kor du kan stemme, dersom du skal stemme på valdagen 8. september.
– Då må du faktisk reise til den kommunen der du sto registrert som busett 30. juni, for å stemme på valdagen, opplyser Fossen.
Førehandsrøystinga opnar måndag 11. august og varer fram til 5. september, men du kan likevel tidlegstemme no.
