Nye angrep mot Gaza
Minst 36 menneske er drepne i nye israelske angrep på Gazastripa laurdag.
Ein baby er blant dei drepne i eit angrep mot Mawasi-området sør i Gaza, ifølge det palestinske sivilforsvaret og sjukehuskjelder som AFP har snakka med.
Israel har også trappa opp angrepa lenger nord i Gaza, spesielt mot Zeitun-området i Gaza by.
Talsmann for det palestinske sivilforsvaret, Mahumd Bassal, skuldar Israel for å drive etnisk reinsing i området.
Israel avviser skuldingane, og held fast på at soldatane opererer etter folkeretten.
