Gudvangatunnelen evakuert etter mogleg brann
E16 Gudvangatunnelen i Aurland vart i ettermiddag stengd grunna røykutvikling i eit køyretøy.
Det vart meldt om gneistar og røyk frå ein bil seks-sju kilometer inne i tunellen. Tunellen vart difor evakuert og stengt.
Personar på staden starta sløkking med brannsløkkingsapparat, opplyser Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Klokka 13.25 var brannvesenet framme og opplyste at brannen er sløkt av andre bilistar. Brannvesenet kontrollerte køyretøyet med varmesøkande kamera og kjøler ytterlegare med vatn.
Like over klokka 14 vart tunnelen meld opna. Ingen personar vart skadde.
