Mann tiltalt for valdtekt – skal ha brukt kniv
Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne i Bergen i januar.
Mannen skal ha pressa kvinna ned mot eit toalettsete og retta ein kniv mot nakken hennar, før han valdtok ho, ifølge tiltalen.
Mannen skal i løpet av hendinga ha sagt at han ville partere ho og legge ho i ulike graver slilk at ingen ville finne ho.
Han er òg tiltalt for å ha skore kvinna i ansiktet med to knivar, noko som gav kvinna eit 15 centimeter langt kutt, og for å ha slått ho gjentatte gonger med knytt neve i hovud og andre delar av kroppen.
