Snøen har komme til fjellovergangane
Ved Sognefjellshytta, 1412 moh. var det eit kvitt lag på bakken i dag tidleg, skriv Meteorologane på X.
Der hadde temperaturen vore nede i minus 0,8 grader i natt, men utover dagen er det venta at den vil stiga til plussgrader.
Vegtrafikksentralen Vest har ikkje fått melding om trafikale problem, men anbefalar bilistar å sjekka webkamera for Sognefjellet før dei legg ut på tur over fjellet.
Fv. 55 over Sognefjellet er den fjellovergangen i Noreg som ligg høgast over havet.
