Møte mellom USA og Sør-Korea
Sør-Korea sin nytilsette president Lee Jae-myung besøkte måndag USA sin president Donald Trump i det kvite hus, melder BBC.
– Vi elskar det dei gjer. Vi elskar produkta deira, vi elskar skipa deira, vi elskar mange av tinga dei lagar, seier Trump.
Det står i kontrast til presidenten sine utsegn tidlegare på dagen.
– Kva skjer i Sør-Korea? Ser ut som utreinskingar eller ein revolusjon. Vi kan ikkje ha noko av det og gjere forretningar der, skriv presidenten på Truth Social.
Nord-Korea var eitt av temaa presidentane skal ha snakka saman om. Trump understreka at han «kjem rett og slett veldig godt overeins» med Nord-Korea sin leiar Kim Jong-un.
President Lee Jae-myung blei sett inn i juni, etter at ekspresident Yoon Suk-yeol blei avsett. Det ettersom Yoon i fjor forsøkte å innføre unntakstilstand i landet.
