TikTok-avtale nær: USA får kontroll over styret
Det kinesiske morselskapet til TikTok kan snart selje den amerikanske verksemda, melder AFP.
Avtalen vil bety at det blir oppretta eit nytt styre for appen i USA.
Ifølgje Det kvite huset vil seks av sju styreplassar bli haldne av amerikanarar.
Ein avtale kan bli signert «dei neste dagane», seier pressetalsperson for Det kvite hus, Karoline Leavitt til Fox News.
Bakgrunnen er at amerikanske styresmakter lenge har uttrykt uro for at TikTok deler brukaropplysningar med kinesiske styresmakter.
For å unngå forbod i USA har ByteDance, TikTok sitt morselskap, vore i forhandlingar om å selje eller skilje ut drifta i USA.
