Palestina: Britisk anerkjenning er avgjerande for varig fred
Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa sundag at Storbritannia si anerkjenning av Palestina er eit nødvendig steg mot varig fred i regionen, melder nyheitsbyrået AFP.
– Hans eksellense rosar Storbritannia si anerkjenning av den uavhengige staten Palestina og slår fast at dette er eit viktig og nødvendig steg mot å oppnå ein rettferdig og varig fred i tråd med internasjonal legitimitet, heiter det i ei fråsegn frå presidentkontoret.
