Trump: Mediemogul og teknologitoppar med i TikTok-avtale
Donald Trump seier at Lachlan Murdoch, Larry Ellison og Michael Dell skal vere med i arbeidet med ein avtale om TikTok i USA. Det fortalde han til Fox News, ifølge Reuters.
Murdoch er sonen til mediemogulen Rupert Murdoch, som eig fleire store medium.
Ellison er grunnleggar av teknologiselskapet Oracle, og blei nyleg kåra til verdas rikaste. Dell er sjef for dataselskapet Dell Technologies.
Avtalen kjem etter at landet har kravd at den kinesiske eigaren ByteDance må selje den amerikanske delen av appen, for å hindre at brukardata og algoritmar ligg under kinesisk kontroll.
