Mogleg moms på VG+
Skatteetaten vurderer å ilegge meirverdiavgift på VG+ for perioden 2020 til 2024, opplyser Stine Halla, finansdirektør i Schibsted, i ei pressemelding.
– Vi er ueinige i Skatteetaten sin foreløpige konklusjon. Dette må avhenge av ei uriktig forståing av kva VG+ er, og det rokkar ved den føreseielegheita som er nødvendig for å oppretthalde berekraftige forretningsmodellar for redaktørstyrte medium, seier Halla.
Det er Vend Marketplaces ASA som har mottatt varselet. Selskapet er tidlegare eigar av Schibsted si medieverksemd.
Om moms blir innført vil selskapet måtte ut med opptil ein halv milliard kroner, melder Dagens Næringsliv.
