Skorsteinsbrann i Kvam – står flammar ut av skorsteinen
Klokka 11.38 melde brannvesenet at dei rykker ut til ein skorsteinsbrann i Kvam.
– Det er teglsteinsskortstein, så det er eit faremoment, seier vaktleiar Svein Eirik Reistad i 110 Vest.
– Der er det murpuss mellom steinane som ikkje toler varmepåkjenning like godt, så der er det større risiko for at det spreier seg enn i ei stålpipe.
Klokka 11.56 melder brannvesenet at ein brannbil er framme og startar sløkking.
– Alle menneska har kome seg ut av huset, og ingen er skada, seier Reistad.
Brannvesenet på staden ser flammar ut av skorsteinen og røyk på loftet.
