KrF vil auke militært nærvær på norsk territorium
Under Kristeleg Folkeparti (KrF) sin årlege landskonferanse understreka partileiar Dag-Inge Ulstein at verdssituasjonen «krev at vi rustar opp».
– Vi må stå tettare saman med våre allierte i Nato. Også med USA, som framleis er vår viktigaste allierte, seier KrF-leiaren.
– La oss vere ærlege om trusselbiletet: Den reelle trusselen mot Noreg og Europa er ikkje USA. Sjølv om vi alle blir både fortvila, skremt og sint av president Trump si framferd, legg han til.
KrF-leiaren meiner at Noreg må ta ansvar for at Svalbard «ikkje kjem i spel», og må derfor «auke vårt militære nærvær».
