Trump seier han hadde «god samtale» med Syrias president
USAs president Donald Trump seier han har hatt ein «god samtale» med Syrias president, melder nyheitsbyrået Reuters.
Han opplyser også at grense- og immigrasjonsansvarleg Tom Homan er i Minneapolis og skal møte både guvernøren Tim Walz og ordføraren Jacob Frey seinare.
I tillegg seier Trump at han ønsker at sentralbanken set ned renta.
Det siste har leiaren i sentralbanksjefen Jerome Powell vore ueinig i, og grunngitt det med at inflasjonen framleis er for høg og at det er for tidleg å setje ned renta.
