Tande og Opseth vann NM
Silje Opseth og Daniel André Tande vann NM i hopp i normalbakken i Midtstubakken. Sjølv om Maren Lundby ikkje deltok la ikkje det nokon dempar på sigersgleda.
– Det var ingen garanti for at det skulle gå vegen for meg i dag. Det at eg står på toppen i dag smakar godt, sjølv om Maren ikkje var med, seier Opseth med eit stort glis.
Tande sikra seg sin første kongepokal med sigeren i kveld.
– Det er ingen Kongsberg-hoppar i historia som har tatt ein kongepokal, så det er godt å endeleg få plassert den pokalen i skihistoria på Kongsberg, seier Tande til NRK.
Gleda over å få med seg ein kongepokal får derimot ikkje Opseth. For kvinnene får ikkje nokon kongepokal.
– Eg synest det er litt kjedeleg, seier Opseth til NRK.
Det er eit krav om at ein må vere over 15 deltakarar for å dele ut ein kongepokal. I årets renn for kvinnene var det 9 som stilte til start.
– Eg veit ikkje om det er ny rekord i år, men me er vert fall mange fleire enn me har vore tidlegare, og det er positivt. Me tar med oss det, sjølv om me ikkje er mange nok til å få kongepokal, seier Opseth.
Halvor Egner Granerud tok sylvet og Marius Lindvik tok bronse. Eirin Kvandal kom på plassen bak Opseth, og Anna Odine Strøm tok bronse.
Arrangementet skulle eigentleg vore i mars, men blei utsett på grunn av koronapandemien.