Egypt vil passe på våpenkvila.
0
Egypts president Abdel Fatah al-Sisi seier han vil sende to tryggingsdelegasjonar til Israel og dei palestinske områda for å sikre at våpenkvila blir halden, melder Reuters.
Avtalen mellom Israel og dei palestinske grupperingane skal ha kome i stand etter initiativ frå Egypt.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier til AFP at regjeringa gjekk samrøystes inn for avtalen.