Smittedobling i Murmansk
Talet på daglege smittetilfelle i den russiske regionen Murmansk er blitt dobla dei siste to vekene, skriv NTB.
Søndag blei det registrert 97 nye smittetilfelle og tre nye dødsfall i Murmansk, den største byen i regionen med same namn. Det melder Barents Observer. Befolkninga er oppmoda til å bruka munnbind og til å halda avstand.
Regionen slit med å få befolkninga til å ta koronavaksine. Det er eit problem i heile Russland, som så langt berre har vaksinert 12 prosent av befolkninga.