Frankrike hentar heim ambassadørar
Frankrike hentar heim ambassadørane sine i USA og Australia etter at sistnemnde droppa ubåtavtalen med Frankrike.
I 2016 avtalte Australia å kjøpe 12 dieseldrivne ubåtar frå Frankrike, ei avtale verdt 40 milliardar dollar. No har Australia ombestemt seg, og har heller inngått ei forsvarsavtale med USA og Storbritannia, som inneber at Australia skal bygge tolv atomdrivne ubåtar.
Franske myndigheiter har sagt at dette at dei ikkje lenger kan stole på Australia i dei pågåande forhandlingane med EU.