Redda frå båt i Middelhavet
0
Eit redningsskip med nesten 400 migrantar om bord redda 400 andre personar frå ein søkkande trebåt i Middelhavet torsdag. Dei blei plukka opp i eit område der Malta har ansvaret for å drive redningsarbeid. Skipet er no på veg til den italienske øya Lampedusa, men det er uvisst om dei får legge til kai.