Fleire brannar og uvettig fyrverkeribruk
Det er mykje røyk etter at nokon har skote opp fyrverkeri i eit parkeringsanlegg på Kokstad i Bergen. – Alt tyder på bruk av fyrverkeri. Ingen skader på køyretøy eller funn av mistenkte så langt, seier operasjonsleiar Knut Dalh Michelsen. Etter ein nokså roleg start på nyttårskvelden byrjar det å ta seg opp med meldingar til Vest politidistrikt. – No brenn det i ein kleskonteinar i Åsane. På Lægdene fyrer nokon fyrverkeri frå ein altan. På Hagavik i Os er det nettopp sløkt ein brann i ei søppelbøtte. Det byrjar å dra seg til no, seier han klokka 21.25.