Skadeverk på parkert gravferdsbil
0
Ein parkert gravferdsbil har blitt utsett for skadeverk i eit parkeringsanlegg i Bergen sentrum. Ein annan bilist oppdaga at det var skader på ein spegel og at vindusviskarar var fjerna. – Me har oppretta sak. Det framstår ikkje som omfattande skadeverk, men begge skilta er stolen, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.