Ber om svar frå forsvarsministeren
Raudt og Venstre ber forsvarsministeren gjere greie for Noregs kjennskap til dei påståtte krigsbrotsverka i Syria og Irak.
Det skjer etter NRKs sak om at vestlege styrker kan ha gjennomført ei rekke luftangrep mot sivile mål.
– I verste fall har politikarane si avgjerd om å dra Noreg inn i Syria-krigen og ikkje stille krav til USA om å informere om drap på sivile, gjort Noreg medskuldig i krigsbrotsverk, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.
På torsdag vil Raudt be forsvarsminister Odd Roger Enoksen om å gjere greie for Stortinget. Venstres Ola Elvebakken har sendt skriftleg spørsmål om saka.