Obligatorisk vaksinasjon for dei over 50
Italia innfører obligatorisk korona-vaksinasjon for dei over 50 år.
– Vi ønsker å bremse smittekurven og oppmuntre italienarar som endå ikkje er vaksinert til å gjere det, seier statsminister Mario Draghi.
Frå før var det obligatorisk vaksinering for lærarar og helsearbeidarar, men det var mogleg å vise fram negativ koronatest i staden for. Dette blir ikkje mogleg frå og med 15. februar. Dei som bryt reglane risikerer bot på mellom 600 og 1500 euro, skriv Reuters.
Det siste døgnet har 189.109 personar fått påvist covid-19 i Italia.