Person fastklemt etter frontkollisjon: – Framstår alvorleg
0
Ein person sit fastklemt etter at ein lastebil og ein personbil frontkolliderte på fylkesveg 609 ved Holmedal i Askvoll kommune. Tre personar er involverte, blant dei eit barn. Klokka 17.11 fekk brannvesenet melding om trafikkulukka. – Det framstår som ei alvorleg ulukke. Det er starta frigjering av personen, men eg har ikkje fått melding om at vedkomande er frigjort, seier Jan Ove Haga ved 110-sentralen Vest.