USA sender soldatar til Aust-Europa
0
Amerikanske styresmakter vil sende fleire tusen nye soldatar til Polen, Romania og Tyskland på grunn av spenninga i Aust-Europa, det stadfestar Pentagon. Troppane skal operere i samråd med vertslanda sidan det ikkje er sett inn ein multinasjonal Nato-styrke.
Ifølgje Pentagon vil dei sende 2000 soldatar til Europa dei neste dagane. I tillegg er 8500 sett i beredskap, skriv Reuters.