Gjerdrum kommune overraska over konklusjonen til politiet
Politiet har sikta Gjerdrum kommune etter kvikkleireskredet i romjula 2020, og kommunen er overraska over konklusjonen, skriv dei i ei pressemelding.
– Eg føler på eit stort ansvar. Som eg har sagt heile tida er eg sikker på at kommunen kunne, og sikker burde ha gjort ting annleis. Særleg når vi ser på kva for tragiske konsekvensar det fekk. Men eg er overraska over at politiet no har kome til at vi hadde ei plikt til å handle på bakgrunn av dei varsla vi fekk, og at vi kan straffast for å ikkje ha gjort det, seier ordførar i Gjerdrum, Anders Østensen.