Scholz seier han vil reise til Moskva
Forbundskanslar i Tyskland, Olaf Scholz vil om ikkje så lenge reise til Moskva for å diskutere Ukraina-konflikten med president Vladimir Putin.
– Møtet er planlagt og vil skje snart, seier Scholz i eit intervju onsdag kveld. Han seier ikkje noko om kor tid det vil skje.
Scholz har fått kritikk for å ikkje vere engasjert nok i Ukraina-krisa og har berre snakka med Putin ein gong på telefon sidan han tok over som statsminister 21. desember.
(NTB)