Opposisjonelle gripne i Sudan
0
To leiarar for grupperinga FFC, som har leia an i protestane mot militærkuppet i Sudan, er gripne. Khaled Omar Youssef, som er tidlegare minister, og FFC-talsmann Wagdi Saleh blei gripne under eit møte onsdag, ifølge AFP. Det er så langt ikkje kjent kva dei er skulda for.