Lukaku sende Chelsea til VM-finale
Romelu Lukakus heldige scoring før pause gav Chelsea 1–0 over saudiarabiske Al Hilal. Laurdag spelar London-laget om sin første tittel i klubb-VM.
Vinnarmålet kom etter litt over ein halvtime. Då kunne Lukaku frå to meter setje ballen i mål etter å ha fått han servert av motspelar Yasser Al-Shahrani. Al Hilal-backen heada eit innlegg frå Kai Havertz rett i beina på Chelseas kraftspiss.
Det var einvegskøyring i første omgang. Kampbiletet såg ut til å fortsetje i same spor etter sidebyte. Havertz (stolpetreff) og Hakim Ziyech (sterk redning) var begge svært nære å auke Chelsea-leiinga.
Men halvvegs ut i 2. omgang kvikna Al Hilal til og sette plutseleg Kepa Arrizabalaga på store prøver. To gonger på kort tid måtte den spanske målvakta gjere to glitrande redningar.
Chelsea møter Palmeiras frå Brasil i VM-finalen i Abu Dhabi laurdag. Der jaktar dei regjerande Champions League-vinnarane på sin første triumf i turneringa. I 2012 tapte London-laget 0–1 for brasilianske Corinthians i finalen.