– Russisk invasjon kan skje når som helst
Ein russisk invasjon av Ukraina kan skje når som helst, og vil truleg starte med luftangrep, seier Det kvite hus i eit utsegn.
USAs sikkerheitsrådgjevar Jake Sullivan oppfordra igjen alle amerikanske statsborgarar i Ukraina om å forlate landet, fordi eit russisk luftangrep vil gjere flyavgangar vanskelegare.
Han seier også at Russland no har styrkene dei treng for å utføre ein stor militæraksjon, og at invasjonen kan skje før OL er over.