Melder Telenor til politiet for Myanmar-sal
Forum for utvikling og miljø (ForUM) melder Telenor til politiet for å selje Myanmar-verksemda til eit selskap som blir hevda å ha nær tilknyting til militærregimet.
Telenor skal, ifølge avisa Myanmar Now, ha fått 200 førespurnadar om å utlevere sensitiv data om sine kundar til Myanmars myndigheiter det siste året.
– Det vi fryktar er at sensitiv persondata, spesielt knytt til menneskerettsaktivistar, skal bli delt med juntaen, seier dagleg leiar Kathrine Sune-Henriksen til NRK.
ForUM består av rundt 50 norske utviklings- og fredsorganisasjonar. Dei viser til moglege brot på Straffelova kapittel 16 om folkemord, brotsverk mot menneske og krigsbrotsverk.
Kommunikasjonssjef i Telenor Group, Gry Rohde Nordhus, seier dei ikkje var kjent med politimeldinga før NRK tok kontakt.
– Vi har sidan militærovertakinga i Myanmar gjort mange grundige vurderingar, og vi har sett spesielt på sanksjonar, menneskerettar, personvern og sikkerheita til våre tilsette. Basert på desse vurderingane er det ikkje grunnlag for nokon politimelding.