Biden åtvara Putin
Ein russisk invasjon av Ukraina vil få raske og kontante svar frå USA, åtvara USAs president Joe Biden i telefonmøte med Vladimir Putin laurdag. Biden sa også at ein invasjon ville skape store lidingar og bidra til å minske Russlands posisjon, melder Det kvite hus.
Kreml seier i etterkant av samtalen at «hysteriet om russisk invasjon har nådd toppunktet». Vidare seier dei at samtalen var balansert, og presidentane er einige om å halde fram med dialogen.
Det er framleis uklårt om Russland kjem til å invadere landet etter samtalane med både USA og Frankrike laurdag.