Fulle tribunar i Spania
Spanske sportsarenaer kan frå 4. mars endeleg utnytte tilskodarkapasiteten heilt ut. Bruk av munnbind vil framleis vere påbode både innan- og utandørs.
Sidan desember har det vore publikumsavgrensingar på idrettsarrangement i Spania, men om litt over to veker blir dei fjerna. Det sa landets helseminister Carolina Darias onsdag.
Førre sesong blei spansk fotball spelt bak stengde dører. I august i fjor blei det opna for å sleppe til tilskodarar med inntil 60 prosent av stadionkapasiteten. To månader seinare var taket på publikumstalet borte, men berre for å bli innført att i desember som følge av omikronbølgja.
Det vil framleis vere obligatorisk å gå med munnbind på sportsarenaer. I tillegg vil det framleis vere forbode å røyke, ete og drikke på tribunane.